Løype Telefon 90708373
|
Filefjell turen 2010 AVLYST !!!!!!!!!
Grindafjell
Løypelag vart stifta våren 2006. Laget er organisert som ein
interesseorganisasjon utan profittformål. Formålet er å køyre opp
skiløyper i området Syndin-Helin. Løypelaget har no tatt over ansvaret
for alle løyper i Vang, til Syndisstøga. Vestfjelløypene køyrer no
berre i Vestre Slidre.
Løypene er stikka og rundane merka med ulike farger. Det er sett opp
løypekart i alle kryss i løypesystemet. De kan koma inn i løypenettet
frå Syndinstøga, Syndin og via Helevegen som er brøytt opp til
Stakstebakken. (Huks bompengar.)
Løypene er i år og køyrde opp i vinterferien, helgene og i påska. Bøye
Leirhol og Knut Katralen står for vår løypekøyring. (Ola Ellingbø reserve sjofør)
Det er mange fine turar som kan gåast og løypenettet vil gradvis bli
utvida framover. I påska i år vil det bli stikka løype til Filefjell
via Belgen. Løypene skal være til glede for både tilreisande og
fastbuande i Vang. Vi vonar at de vil nytte dei flittig og at fleire
oppdagar kor flotte område desse løypene går i.
Med helsing styret i Grindafjell Løypelag.
|